1877

1879

1877

Fedraheimen

Det skulde vera rart, um det ikkje no skulde finnast so mange nordmenn, som vilde lesa norsk, at eit blad som detta kunde liva. Men no fær det syna seg, kor myket liv og framhug det er i «målmannsflokken.» Vil berre kvar mann gjera si skylda, både med skriving, um han kann, og med tinging og hjelp til å få bladet ut bland folk, so tru me, at me båda kann lova bladet god framgang, og lova eit godt blad. For «Fedraheimen» hev so mange gode menn med seg, at snaudt noko vikeblad i landet hev det slik. Men er målmennerne dauve og likesæle, so kan dei sjølve vita, korleis det gjeng. – Men me vil vona det beste, og freista på, so langt som med godom vinn. Det er ikkje formyket, at det i Norig finst eit norskt blad ogso, attåt all den maurtuva av danske og knoteblad.

«Fedraheimen» kjem hellest ikkje til å driva so myket med «målstræv». Me hev tankar, som me vil freista å få fram; og det held me fyre, me kann gjera både best og mest hugheilt når me dertil brukar det norske målet; meir er der ikkje i det. Difyre vil me og lata kvar bruka den målmakselen, han best likar, berre det er norsk, han skriv. Og detta trur me ikkje skal gjera måsaiki skade, men helder stort gagn.

– So spyr folk oss, kvat det er fyr tankar me vil hava fram; kvat det er, me «vil.» –

Det var kannhenda mest naudssynt å fortelja folk, kvat det er me ikkje vil. For heile denne horgi av u-norske og millom-norske elder blandings-norske elder samrørings-norske elder dansk-svensk-norske o.s.fr. kann ein vita snart vil finna på mange utrulege ting til å ljuga inn på oss, som aldri me hev tenkt på å fara med. Men alt slikt skal me taka etter kvart som det kjem. Me er fullt budde på strid og moteburd av alle slag, men me er og glade, so lengje det kann vera godt Veer. Det kjem altid tidsnok som vondt er, må vita. Og her er nok å gjera med å «byggja og bøta,» um ein ikkje allstøt skal liggja å bikkjebitast med bakstrævet. Me hev betre hug på å hjelpa til å byggja på det nye Norig enn jamt å ganga og harma oss ut på det gamle; – helder arbeida enn slåst. Difyr let me desse stridsgreiur liggja so lengje.

Men som sagt er: når striden kjem, skal me og vera fullt budde. I slikt eit byggverk lyt ein altid hava «sverdet ved sida,» liksom hine gamle som skulde byggja upp att Fedraheimen sin i Jerusalem, etter dei hadde voret utanlands i Babylon eit godt bil, og den gamle gilde heimen deira var øydd og nedsleppt, so han reint låg i røys. Samaritanarar og skrap er det nok av i Norig au, måtenkja, som visst ikkje vil spara å gjera oss all den forfang, dei kann. Endå d’er ikkje det, som vantar, at me ikkje vil hava deim med på byggverket vårt. Sykja er, at dei vil ikkje hava den norske heimen uppattbygd. Det er ‘kje samaritanarar, det er judar, som legg seg etter i Babylon og ikkje vil heim. Elder dei kann liksom vera komne heim au, men lengtar attende til Babylon elder ægyptens kjøtmat. – Då det er so mange av slike, vert det meir «Målstræv» (strid um målet) i bladet, enn me helst vilde; men me skal då vita å passa det so, at det vert so litet som råd kann vera.

Det, me i grunnen vil, er snart sagt. Me hev same ugnemerket me som andre folkelege blad: å arbeida på folkets upplysning og framgang i alt det som godt og gagnlegt er; men det, som skil oss frå hin hopen, er, at me vil denne upplysningi og denne framgangen på heilt upp national grunn. All den knoting og fanteskap vil me ikkje vita av. Me vil tala med folket som mann til mann, ikkje som skulemeistrar eller byfantar, som altid lyt hava finleiken og kulturen i kjeften, um dei skal kunna «indgyde bønderne den nødvendige respekt for dannelsen.» Me trur, at bonde og arbeidsmann hev likso god rett til å tenkja og læra som me andre, og vekkja tankarne hans, og svara på spursmåli hans, det er det me vil, so godt og so endefram som me kann. Fyremålet endå fyr sjølve rikslivet er, veit me, å gjera folket og kvar ein i folket fri; det vil me og hjelpa til med etter vit og von; men fri er berre den, som sjølv kann tenkja og vilja og kjenna seg ansvarleg fyr sitt liv og si gjerning her i verdi.

Det segjer seg då til sjølv, at me vil driva «politik», og at den politiken vert «liberal» (fridoms-politik). Det ligg i sjølve måltanken, detta: Bondefolket må arbeidast upp, verta upplyst og upplært, so det heilt upp kann taka ved den magti, som det etter landsen log og rett skal hava. For det er bonden, som sit inne med «fedra-arven» vår, endå han lite sjølv veit av det; og honom må me difyr hava med oss, um me vil byggja eit nytt Norig, som skal hengja nokorleis ihop med det gamle. Me vil ikkje vita av detta store tverbrotet i soga vår, som desse u- og halv-norske vil hava godkjent. Det er og så greit som nokon ting kann vera, tykjer me, at i detta landet må rikslivet byggjast på bonden. Me kann fara åt som me vil med herming etter andre land og adelsgalskap og fantestormod: me er eit bondefolk, og det vert me verande. Dersom nokon kann få arma ut bondestanden og trælka den ned, då er det i same blinken ute med heile fridomen vår; so trur no me, og etter den trui vil me liva. Men det er visst, at bonden treng upplysning og uppseding, og me ser so godt som nokon hans både vant og veilur. «Fedraheimen» er bondeven, men ein ærleg ein, og ingen bondegjølar elder «folkeforgudar». Vit må der vera i alting, og sanning er til all tid den beste botevon.

Hellest stend bladet fritt og opet fyr alle meiningar i politik og slikt. Det er ingen ting som er so god til å vekkja tanken som strid, elder når folk lærer å kjenna ymse meiningar. Kvar ein, som vil skriva norsk, og hellest sømelegt og folkelegt, kann få skriva her, anten so han er atterhaldsmann elder framgangsmann, kongsmann elder fristyremann o.s.fr.; me vil ikkje vera stridare på det. For bonden skal ikkje «tru» på det han les i bladet, han skal tenkja yver det, og læra seg til å velja millom fleire meiningar. Endå det me sjølve skriv, skal vera å taka på same måten. Me korkje er elder vil vera so vise, at me ikkje skulde kunna mistaka oss, og det i mange måtar.

Um skulen og um kyrkjelege spursmål kan det og skrivast. Men ein ting skal det aldri vera nokon strid um her i bladet, og det er um sjølve den kristne trui. Kristendomen skal vera fredlyst her. For me kann ikkje skyna, at den, som vil kristendomen illa, kann vera ein rett folkeven. Dei, som hev andre meiningar um detta, lyt ganga åt andre blad. Me held oss til kristendomen, imindsto til dess at nokon finn på nokot, som er likare.

Um innehaldet hellest kann me ikkje segja so myket no. Det vert av alle slag, og me skal visst vera um oss på alle kantar til å finna lesnad, som kann vera gagn i, både frå norske og framande bokmenn. Sjølve skal me, som sagt, gjera vår skylda etter beste magt og med heilt vilje; det me då ikkje vinn på, er ikkje vår skuld.

Og så veit me ikkje betre å segja, enn som ein god mann av dei konservative sagde til oss her um dagen, og med det vil me sluta: Gud leggje si signing til alt i detta bladet, som er godt og sannt; – det andre vil falla av seg sjølv.

Hermed byrjar «Fedraheimen».

 Bladstyret (Arne Garborg)
Fedraheimen 6. oktober 1877

Avisa Fedraheimen vart skipa av Arne Garborg i 1877. Denne programartikkelen stod i første utgåva. Fedraheimen var det første riksorganet på nynorsk som vart noko meir enn eit einmannsføretak (slik Vinjes Dølen var). Fedraheimen kom ut frå 1877–1891. Garborg var redaktør frå 1877–1882.