1877

1879

Morgenbladet

er som reven: set han tennerne i eitkvart, so slepper han ikkje taket, so lengje han kjenner det er liv.

Den morgenbladske rivtonni hev no stadet i Hjalmar Løberg heile vika som var, og det gilde bladet hev hogget og rivet so lengje det orkad. Men so underlege er tiderne no, at det ikkje lenger er nokon som skræmest av sovoret. Rivtonni er so utsliti, at ho bit ikkje på lenger. Ja det er nære komet så langt, at det er ei æra å verta glefst etter av vårt store «intelligensblad».

Det er so langt ifrå, at Løberg hev tapt nokot ved å standa i Morgenblads-gapestokken kvar dag, at folk snarare må koma meir og meir til den meining, at den mannen hev voret rangvist medfaren, visst no, kandhenda fyrr – Morgenbladet vil plent hava honom til å leggja sak mot hyljararne sine. Det skulde no vera deira Vilja-Ve’r. Men Løberg må då tenkja som so, at ein kann aldri gjera ei uvyrda verre enn ikkje å svara! –

Stakkar intelligensblad! Det dreg på alderen no, måvita, og vert difyr meir og meir surt og sært. Det er kje no som i dei gode gamle dagar, «då eg var gjenta i dalen», tykkjer Morgenbladet. No vil kvar stakkar hava ei meining, og det er dei fåaste, som bryr seg um det. – Men dei skal ha det att, dei smørtjuvar! tenkjer Morgenbladet, og so ligg det og gryler og glefser best det kann etter alle dei menn, som ikkje er likso gamle og grettne som det er sjølv.

Du høyrer so ofta embættsmenn, skrivarar, futar, sakførarar, ja skrivargutar med, lasta hardeleg på dei frilynde menn i detta landet. Ueland, Sverdrup, Jaabæk, Velde, S. Nielsen, og alle som fyrr og no held med dei, kann lyast ut til å vera berre skarvefantar. Du skal orsaka både embettsmennerne og skrivargutarne: – dei hev sin visdom frå Morgenbladet.

Arne Garborg,
Fedraheimen 15. februar 1879