1877

1879

Bjørnson

er hæv i flag-saki. Men det er rart og merkjande å sjå, at den same mannen, som hev so godt syn og hjarta fyr det nationale her, – at han ikkje kann skyna det nationale i målsaki.

Målet er det åndelege nationalflag, og det hev fullt so mykje å segja fyr det folkelege sjølvstende som flaget. Men då det norske målet ikkje er Bjørnsons mål, so ser han ikkje detta.

– Han legg all si magt på å få dei framande fargarne ut or riksflaget, og stor takk skal han hava fyr det. Men på same tid skriv han rame motstrævarstykke og krev, at heile folket skal inn i eit framandt mål. Detta heng i hop som laus sand, elder endå verre.

– Han legg all si magt på å verja vårt folkelege sjølvstende i det politiske, – og stor takk skal han hava fyr det! – Men på same tid er han med på, ja forsvarar med heit hug, den ting, at Norigs bokrike den dag i dag hev sin hovudstad i – Kjøbenhavn.

Det utvortes, det politiske, forstend han, og strakst kjem det gode norske hjartat hans upp, og han vert varm og sterk som i gamle dagar. Men det meir innvortes, åndelege, – der kann han ikkje altid vera med; der ligg fyr mange ting i vegen.

Me skal orsaka mannen; men eg trur det er verdt å merkje seg detta.

Arne Garborg,
Fedraheimen 19. mars 1879

 

Hjalmar Løberg, liberal stortingsmann frå 1868–1882, vart i 1878 dømd for «majestetsforbrytelse» etter ein artikkel i Hardangeren, der han hevda at kong Oskar 2 hadde gjeve ein medalje til ein stortingsmann av politiske grunnar.