1877

1880

På trevet*

93 mot 20! Det var godt gjort. Og det hadde ikkje voret so mykje som 20 imot helder, hadde det ikkje voret desse nye by-thingmenn, som fyr det meste er forretningsfolk og ikkje politikkerar, og som ikkje hev voret so lenge i Thinget, at dei enno ser, kor galet det gjeng med den skikken, me no hev.

Det var 15de gongen, saki var uppe, og endå vart ho debatterat gjennom 3 tingmøte. Av deim, som talad imot, gjorde M. Birkeland mest inntrykk. Det er ein stutt, diger mann med stort munnskjegg; han hev eit mæle som ein tragediespilar, og han fyredrog talen sin i denne saki so høgtidslegt og tungt og fagert som Reimers, når han spilar ånden i Shakespeares Hamlet. Men so kunstfagert det var, og so godt enn mannen talad, høyrde ein likevæl som ein gravsalme gjennom det. Det var morituri, det var dei, som skulde falla, som forsvarad seg fyr ei ettertid, men ikkje åtte von um å frelsa seg fyr samtidi; det var mange års og mange menns sutfulle motstræv som her vart høgtidsleg songet åt jordi. «Magna est veritas et prævalebit!»**) sagde Birkeland, men det var forunderlegt, so ulikt som dette ordet lyddest i hans munn mot sidan i Sverdrups. I Sverdrups munn var det tru og triumf; i Birkelands var det ein fallande manns bønlege appel til ei framtid, han sjølv knapt trudde på.

Aschehoug var skral og liten i denne debatten. Det meste han hadde å segja var, at han ikkje trudde på debatten. Folk hadde sine meiningar uppgjorde, fyrr dei kom inn i salen, meinte han, og då nyttad det ikkje å argumentera fyr dei, ikkje um det var ein riksråd helder, meinte han. Det lyddest so syrgjelegt; ein laut heile tidi tenkja på, at mannen nok drog slutningar frå seg sjølv. For det er altfor visst, at hans provføringar ikkje hav stor magt der i salen. –

Av dei, som talad fyr saki, gjorde Sverdrup det so godt, at han reiv med seg både med- og motstandarar. Det vart sagt, at maken til tale hav knapt voret halden. Han heldt på i tvo timar; «men det var som tvo kvarter.» Då han sluttad med sitt kraftige «magna est veritas et prævalebit!» var det so det var vondt å halda seg fyr å ropa hurra.

Andre, som talad godt fyr saki, men væl langt, var H. Bentsen og rektor Steen. Wollert Konow talad godt, og ikkje for langt. Talen hans var frisk og varm, og han råmad ofte godt, betre enn vanlegt med unge talarar. T. d. då han talad um regjeringi og minoritetarne. Det var fint sagt, det han her sagde. Han reknad upp alle dei minoritetarne, som ei folkeleg regjering vilde ha hjelpt, og som denne ikkje hadde hjelpt; den einaste minoriteten, som Stangs styret hev voret til hjelp fyr, den nemnde han ikkje. Men lagde sine ord slik, at just gjenom motsetningi laut tilhøraren sjølv tenkja dess sterkare på den. Det vart reint skjerande ved denne motsetningi.***) Sjølve Motzfeldt gjorde det ikkje stort betre her, alt um han med si vælkjende bikkjetonn slengde og reiv, so det var reint fælt å sjå på. Ein måtte tykkja heilt upp synd i «Stangs system», som skulde få ein so drøveleg ende.

Saxe hadde eg ventat meir av; men det var ikkje rart. Han stod og heldt fyredrag som fyr seminaristar, og kvart ord han sagde, hev voret sagt minnst nittan gonger fyrr. Han er visst ein god seminarstyrar, men politikus – «nei, det er han ikke!»

G.
Fedraheimen 20. mars 1880

* trev: galleri

** Sanningi er sterk, og ho vil vinna

*** Dagbladet hev kriticerat Konows tale, men på ein slik måte, at ein ikkje fær den trui, at dagbladsstyraren hadde gjort den talen betre sjølv, alt um han er ein av våre fremste talarar. Og heile den måten, Dagbl. her hev faret fram mot Konow på, er slik, at heretter kann nok dei liberale beda vårherre fri seg fyr sine venner. Dagbl. vil vera so ser-um-lag «rettvist,» – og so vert det rangvist av berre rettvisa. Måte på alt!