1877

1879

«Det riv opp som sprenggranatar»

Dølen var borte. Svein Urædd hadde sovna av. Fram hadde lagt årane inn. Her beid ikkje eit einaste blad på norsk mål i landet.

Det måtte nok kjennast tungt for vår gamle hovding dette. Han som sat der i einsemda og skoda etter dei krefter som skulle vakne og ta arven etter han. Med god grunn kunne han syngje:

Det gjeng på berre tap og tjon,
som tidt det heve gjenget;
me hava havt so mangei von
og liten fagnad fenget.
Det er no stundom so å sjå,
som ingen rett var meir å få.
Kvat skal ein stakar kveda?
D’er tie ting å harmast på
og ingen ting til gleda.

Han skulle då likevel få ei ny von, ein ny ting «til gleda». Ut på hausten 1877 vart det lyst til målmannsmøte her i hovudstaden. Det heitte at det var tanken å prøve med eit nytt målblad.

Ein sann bibel

Det møtte vel ikkje så mange til dette møtet; men dei hadde god tru, dei få som møtte. Dei trudde på saka, og dei trudde på den unge mannen som kalla møtet saman og opna det – Arne Garborg. Det stod alt gjetord av dette namnet. Han hadde sendt ut eit lite skrift om Keiser og Galilæer av Ibsen, eit særsyn av ei bokmelding i den tid. Og han hadde nett skrive eit større og merkelegare verk: Den nynorske sprog- og nationalitetsbevægelse, ein sann bibel for alle målfolk. Han hadde dessutan litt røynsle i bladvegen; han hadde styrt Lærerstandens Avis. Så åtgådd vart han alt den tid, at Søren Jaabæk tilrådde utgivaren av Verdens Gang å setja han i rommet etter Johan Sverdrup.

Når denne mannen no ville prøve seg med eit målblad, er det greitt, dei vart glade både dei eldre og dei yngre. (Eg synest hugse, at det stod eit dikt av sjølve Ivar Aasen til den unge bladstyraren; men eg kan ikkje finne det). Den einaste som bar imot på dette møtet var O. J. Fjørtoft, men berre spakt. Han ville berre peike på alle dei vanskar der var. Elles skjøna han med, at her var det kome ein mann som tok det alvorleg.

 

Landlyste sutring

Fyrste nummeret av det nye bladet, Fedraheimen, kom laurdag 6. oktober 1877. Det skulle vera, som undertittelen sa, «Eit vikeblad åt det norske folket». Bladet var heller lite, berre tre teigar på sida; men teigane var noko breiare enn bladteigar til vanleg er no. Og det skulle koma ein gong for veka, kvar laurdag. Prisen var 4,40 for året.

Bladet byrjar med eit dikt til Fedraheimen av Kristofer Janson. Av innhaldet elles kan nemnast: Eit stykke om Thiers, LateLars (eventyr). Eit stykke or The early kings of Norway av Carlyle, omsett til telemål. Og ymist anna.

Til slutt kjem bladstyret og stikk ut leida for bladet med kloke og gode ord. Det heiter her mellom anna:

«Det skulde vera rart um det ikkje no skulde finnast so mange nordmenn som vilde lesa norsk, at eit blad som dette kunde liva. Men no fær det syna seg, kor myket liv og framhug det er i målmannsflokken. Vil berre kvar mann gjera si skylda, både med skriving, om han kann, og med tinging og hjelp til å få bladet ut bland folk, so trur me, at me både kann lova bladet god framgang, og lova eit godt blad.»

Målstrid ville styraren ikkje fylle bladet med; han hadde sagt det som var å seia om den ting i det store verket sitt. Hadde dessutan så mykje anna å skrive om, så mange «tankar». Sutring og klagemål over gamle misgrep skulle landlysast. Heller byggje det nye Noreg enn gå harme seg ut på det gamle; «helder arbeida enn slåst».

 

Tolsemd mot vranglære

I nr. 40 (1878) kjem fyrste stykket av «Taalsemd i tru og meiningar». Og i nr. 45 kjem «Eit og anna um kristendomsstriden vaar». Her glid han ut på den hålka som skulle gjera ende på arbeidet hans i Fedraheimen. Han vil at ein skal vera tolsam, tole å høyre andre tankar enn dei ein er vand med, jamvel i trudomsspørsmål; kven veit, kanskje kunne eit og anna i det gamle vera rangt; og det kunne vera eitkvart rett i det nye.

Det kan nok hende dei stokk både den eine og den andre. Garborg skreiv i fyrste bladstykket sitt at han hadde så mange «tankar» – det var slike tankar han gjekk og brann inne med! Tolsemd i trudomsspørsmål, tolsemd mot vranglære – var han av det slaget! Fædrelandet, Luthersk Ugeskrift og andre «kristelege» blad som støtt låg på lur – her skulle dei få noko å leva på. Og dei levde på det. Vrengde og snudde på kvart eit ord. Og vann det dei ville: å skremme folk frå bladet ut over landet. Fedraheimen fekk snart det ordet på seg at det var eit «fritenkjarblad». Og kva støkk det stod av fritenkjar-namnet den tid, kan dei vel knapt gjera seg tanke om, dei som veks opp no.

 

Striden til endes

Det vart ein olje til elden då nr. 83 kom med det fyrste stykket av «Ein fritenkjar». Det vart forteljinga om ein fritenkjar; ein bra mann som det gjekk ille; just avdi han var fritenkjar. Forteljinga skulle såleis ikkje lokke andre ut i uføret. Men kva hjelpte det? Kven kunne vita kor det gjekk? Kven kunne i det heile vita kva der stod? Kven ville lesa slikt? Fedraheimen var eit fritenkjarblad, skreiv Fædrelandet. Ja, var det ikkje sant? Stod ikkje denne «Fritenkjaren» der og glodde i «kjellaren» i kvart einaste nummer?

Bladet var godt; mange gode menn skreiv i det; der kom Ingvar Bøhn, der O. Sveinsson, der Andreas Austlid, der Steinar Schjøtt. Men kva hjelpte det? Kven ville selja sjela si for eit godt blad? Og målet? Ja, det kunne vera bra nok med dette målet; men ein kan kjøpe sjølve gullet for dyrt; sæla og sjelefreden stod over målet; ein fekk seia bladet opp.

Ja, ja san. Det vart nok ein strid! Og Garborg var ikkje den som gav seg. Hadde han fyrst gjort seg til talsmann for den «frie» tanken, ville han føre striden til endes, anten det bar eller brast. Stridsmann var han. «Slåst» kunne han. Og no var han huga slåst for alvor.

 

Ein sterk motstraum

For å få betre rom, og truleg til salve på såra, skulle Fedraheimen koma to gonger i veka neste år, 1879. fleire gode menn kom til hjelp omframt dei som før er nemnde. Jamvel Henrik Krohn sende nokre stykke. Men Ein fritenkjar gjekk i «kjellaren» no med. Og då det var slutt på den, kom Seld til den vonde. Meir djevelskap! som ein mann sa. Så kom stykke om Censur!, det var den fille Hellenbach (Hellenbach var ein tysk lækjar som meinte at det ville vera sælebot å ta livet av nyfødde born som var altfor mykje vanskapte, eller var fengde av syfilis). Og så kom striden med Christopher Bruun.

Nei, det vert nok ikkje betre dette, sukka dei arme målmennene. Dei tok til å sjå deg om etter andre råder.

«Jeg vil forsøge at bevæge en eller anden af eder til at sætte sig i spidsen for et målblad. Vi har rigtignok Fedraheimen derinne i hovedstaden, men dette blad ligger så lavt, at jeg er tilbøyeligst til å motarbeide det,» skreiv ein «målmand» i eit Flekkefjordsblad. Og han vart ikkje åleine om denne motarbeidinga.

I 1880 laut Fedraheimen gå attende til ein gong i veka, men kom i staden fireteiga. Teigane vart elles noko smalare, på lag som vanlege bladteigar no, så auken vart meir i namnet enn i gagnet. Prisen var heile tida den same, kr. 4,40 for året.

Det vart ein spaklynd årgang, dette. Han dregst litt med Christopher Bruun og med somme blad. Men ein merkar, at han har teke rev i segla; motstraumen har vorte for sterk; tingarane har rømt sin veg; ein lyt sjå ty dei til seg att, litt om senn. Men har får røyne at det er lettare å skrive dei ifrå seg enn å lokke dei inn att. Om bladet er aldri så spakt – dei er og vert borte.

 

Heit og harm

Om det er harmen over dette, eller det er veto-kunstnarane som harmar han, det veit eg ikkje; men i 1882 vert det nytt liv i Fedraheimen; han væpnar seg med skjold og sverd og kastar seg inn i den politiske striden med all sin evle.

Dette vert hans beste årgang, frå bladmanns synsstad sett. Det han før hadde skrive, var mykje avhandlingar, litteratur (mykje av det kom seinare i Fri forhandling, Bergen 1889). Men her er han bladmann for alvor. Og betre stubbar enn me finn her, har ingen bladmann skrive. Han er heit og harm; det er tankekvasst og tankeklårt det han skriv. Det riv opp som sprenggranatar. Han vert ein av dei mest hata i landet, men òg den som dei fremste søkjer, og som ungdommen gjer til sin sjølvskrivne førar.

Det er i denne tid Bjørnson prøver å rive han bort frå «huleboerne», og berge han over i «kulturmålet». Det mislukkast; Garborg vil vera der han er. Om tingarane rømer ifrå han – han rømer ikkje; han står på skuta med’ bera vil.

Men om han legg sitt heitaste hjarteblod i Fedraheimen, får han likevel ikkje tingartalet oppatt. Det vert ikkje anna råd enn å vike rommet. Gi plassen til ein av dei «moderate» – den unge, godlynte. venesæle teologen Ivar Mortensson, som lenge har drive og skrive under merket «Bjug».

 

Få tolte kosten

I siste nummeret (nr. 52) i 1882 seier Garborg farvel til lesarane sine med desse ord: «Hermed seier eg takk for meg som bladstyrar. Dei som i desse aari hev fylgt Fedraheimen med ærleg vilje og god hjelp, skal hava so mange takk. Dei maa fylgja bladet vidare.»

Hovudårsaka til at det gjekk som det gjorde, var dette «fritenkjar»-namnet dei sette på Garborg og bladet hans. Hertil kom at Garborg meir var tenkjar enn bladmann.

I dei fyrste årgangane var det altfor mykje av lange og tunge stykke. Dette var herleg for dei få som tolde denne kosten; men det jaga dei andre som alltid er tyngda. Han var då også for god til å slite seg ut på bladmanns-krakken. For målsaka var det vel helst ei lukke at han no laut gå frå. Han kunne då gi seg heilt til det som var hans rette og store  yrke: skaldskapen. Den stunda han styrte Fedraheimen, var lang nok til å setja kveik i yngre krefter som kunne føre arbeidet vidare.

 

Hjelp frå Aasen

Eg har ovanfor nemnt nokre av dei som hjelpte han. Når ein ser igjennom desse fyrste årgangane, får ein ei sterk kjensle av at det er telane som mest var med i den tid; det var vel den sæden Vinje sådde, som no grodde. Seinare har andre bygder kome til.

Men ein god hjelpingsmann var der som ingen stad er nemnd – stortingsreferent Halvorsen. Han følgde med i utanlandske blad og henta mangt eit godt stykke derifrå. Var dessutan vel heime i landsmålet, så det var god hjelp i han der med.

Ivar Aasen sat heller ikkje likesæl og såg på. Han hadde harma seg over Fjørtoft for mållydska hans. Her kom det ein som følgde normalen, og Aasen gledde seg. Men målet var ikkje alltid so reint som han ynskte. Det hende, at Garborg fekk lange lister frå Aasen med unorske ord han hadde funne i Fedraheimen, og med norske ord til å setja i staden. Det var nok ikkje annan måte å lære norsken på den tid; den eine laut hjelpe den andre.

Garborg laut slutte; men han sleppte ikkje handa av Fedraheimen for det; gong og annan fekk me sjå namnet hans, eller det kjende merket G. Og alltid las ein fyrst det han hadde å seia.

 

Den vesle g-en

Det vart underskrivne som skulle få den lagnad å bera Fedraheimen i grava. Eg hadde ingen ting lært av Garborgs skade. Men eg var så heppen, at eg fekk Garborg med då me skulle prøve med eit nytt målblad, Den 17de mai. Der stod Garborg for politikken det fyrste året. Men skreiv seinare under merket g. Den vesle g-en var frå fyrst av ei misprenting; hans gamle merke var G. Men då han fekk sjå den vesle g, tenkte han: Lat skure! Og det kunne skure. Folk skjøna snart, kven g-en var; så når bladet kom, såg dei alltid etter dette merket. Dei venta seg eitkvart omframt der. Og dei vart aldri narra. Han har skrive nokre av sine aller beste stykke med dette merket under.

Kva arbeid Garborg har lagt ned i alle desse bladstykka sine, er det vel ingen som skjønar. Skulle han ha hatt løn etter arbeidet, turvte han ei riksrådsløn berre for det. Men det har frå fyrst til sist vore lønlaust arbeid å kalle. Han fann løna i sjølve arbeidet; og i det å få avlaup for dei tankar som brann i han. For alltid brann det. Hjarta unnte aldri heilen fred.

Bladsoga vår er korkje lang eller lysande. Namna Vinje og Garborg vil likevel lyse gjennom tidene, så framt vårt norske mål er liv laga.

Rasmus Steinsvik