1878:

Øysterdalen [i]

er litet kjend i turistverdi. Og kjem ein nokot vest i bygdom, so era folk mest lika vise, kor det er. «Det ber væl inn i Sverike det, von,» er det mange som hava sagt, når eg hev fortalt at eg var frå Øysterdalen. «Jaso, so du er frå Australien, du,» sagde ein telemarking åt meg; «å ja, det raklar nok mange langfarande folk her, men du ser då mest ut som andre folk du; eg tenkte dei våro berre svartare der eg.» Han kjende Australia han, men Øysterdalen visste han ikkje dusti um. Og dei som kjenna namnet og vita so vidt, kvat leid det ber på, dei tru no, det er berre svarte skogen all vegen her. Å de skulde sjå hit uppigjenom au, folk, so skulde de nok få sjå  både fine bygder og høge fjell, og skogen, gut, store furuskogar, mo etter mo, liksom store sjøar å sjå til, når du kjem nokot uppifrå og ser utyver tretopparne, mest so langt du kan øygna. Og no er det det, at det er so lettvinnt å koma hit. Når du tek med Rørosbanen uppetter frå Kristiania og løyser billet til Vesle (Lille)elvedalen elder Tynnset, so kjem du beint upp i Øysterdalen andre dags morgon. Og er det då so, du berre vil gjera deg ein sveiv til fjells som aller snøggast, berre fyr å draga frisk luft, so veit eg ingen stad so lugum no, og er det so du er hugad til å fara lenger, so kann du sleppa deg ned att kor du synest, anden du vil nordetter, so er det svært beint å koma nedi Uppdal, og vil du vestetter, er det det, — so kan du reika tinda-millom frå Snjohætta nord og vest burtigjenom, radt til du bråsøkkjer deg ned åt Fjordom, elder du kann fylgja Vasskilet burtetter og ganga turrskodd, radt til du kjem åt Sætisdalen, ovanmed alle elvar og bekkjer (å nei, det er sannt, du lyt nok over Lesjaverksvatnet, for det renn åt båe leider), og so finnst det no mest ikkje den bygd i Gudbrandsdalen, annat du kann sleppa deg ned. Ja kor er det væl ein ikkje kann koma frå Øysterdalen når ein steller seg rett? Eg vil no ikkje snakka um Sverike, for hellest kunde de tru at det var reint for nære; men det er langt burtgjenom dit, berre fjell i fjell og endå fjell heilt innum lina; ein ser, dei dregla seg austgjenom alt til dei koma burt i blåe lufti.

No skal eg gjeva nokre rettleidingar fyr folk, som vilja reisa her, lye no væl etter. Amtskart og kompas hev no kvar turist med seg. Men no skal eg segja dykk, karar, kva de skal gjera med dei greidur. Kartet skal du leggja ned på skreppebotten, so du ikkje kann finna det att i ei snarvending, og kompasen skal du stinga langt ned i ei gomol broklumma, der du hev fullt av andre slag, so når du skal hava fram kompasen, fær du ’ti tobakrullen, og dermed sveiver du deg av ei dugeleg skrå, og so gjeng du berre beint fram etter nasen og dit eiget vit. For eg veit det, når eg hev set på kart og kompas ved kvar bekk og kvar kuråk, som gjekk av upp i marki, so var eg vissar enn aldri det, på at eg kom nettupp dit eg ikkje vilde. Gakk du berre beint fram, du, og bry deg aldri det slag um vegen, so tek du honom aller best. For kjære deg då, um du ikkje kjem nettupp dit, du helst hadde tenkt deg, so kjem du då einkvar staden av, veit eg, og kven veit, um det ikkje er likaso fint der, og um du no kjem til å ganga framum ei sæter, der du hadde tenkt å matkvila, so er det då ikkje verre med deg, um du misfer eit mål; du kan eta so mykje meir på den næste; og du svelt ikkje ihel i Øysterdalen, det skal eg lova deg, for det er so her, koma kann ein kor ein vil, sætrar er det mest all stad, og det skulde då vera forsett lell, um du ikkje skulde få iminsto ein drykk mjølk kor du kjem. Du skal kasta frå deg alle byhåttar, når du kjem hit, måvita, alle dagrekningar og timerekningar og milrekningar og matrekningar og alle slags rekningar, som byfolk fara fram med, når dei era til fjells. Legg du berre i vegen og stikk kaffekjelen i skreppa; — huttetu, kor han hev voret meg til hugnad mang ein gong; kaffeyrke finn du all stad, du kan liggja uppå dei høgste toppom all dagen, og kosa deg med ein kaffeskvett, for reinsmosen brenn som knusk, når han er nokot-litet turr. Det er desse tvo ting som er krevjande av ein fjellmann: Han skal slå sin lit til «Svart-Lars» og hellest vera like sæl. Det er det same um ein er «lat», so det er nettupp ein kjem uppetter lidi; hev ein rette «fantegjerdi», rette reikarhåtten, so vågar eg karen lell, um han er aldri so beinbroten med det same han kjem ovan «Vedbandet»; når det kjem til å gusta fjell og ljosna frametter viddi, so meiner eg ein fær føter innunder seg. Det er so skirt og blankt då ingjenom; berre kvite mosen ser du, og so grønest det so vænt på sætervangom uppetter hallom, so du kunde tru, det var gardar. Eg veit ikkje nokot fagrare enn å liggja uppe i fjellsida ein klårversdag; du skulde aldri sett, kor det glitrar og glansar burtetter moserabbom; soli speglar seg i småtjønnom, det giddrar i lufti, kor du fer, og mosen er mjuk som silke og fløyel.

(Meir)

 Fedraheimen 13. juli 1878