1880:

Frå Follen

No heve Bjug vore uppmed Follen eit bil au, men det er stussleg greie, her hev vore no; de er heiltupp ei kallegheit å tenkje på, og de sille då likvæl vera eit kristent land. Men er det rett slikt då, som her gjeng te, at folk berre tist tenkje på  å drepa kvarandre ihel? Ikkje so eg vil nemne nokon med namn, var det so likt seg; for då vart det væl nokon-kvar. Men eg spyr berre, um det skal vera rett slikt, når kjeringanne tek åt å slåst so bloe renn, so dei vert liggjande både 8 og 10 dagar, ja heile månen med. No hev Bjug reist vidt, voret både i Hallingdal og andre stader og høyrt og sett mang ei underleg greie, både i kjeftbruket og hellest, som eg ikkje her vil skrive um, men det segjer eg plent, at slik uliklegheit, det ev eg kje sett fyrr, for det er heiltupp eit syn.

So snåle som kvinnfolki kann vera, fyste dei er blie og lagar seg visklege og folkelege, so vilde eg då heller sjå ein ulvehop hell eg vilde sjå eit kvinnfolk sinna; for ein ulvehop kann eg skræme, men ho kann eg ikkje skræme hell. Eg vert lei eg og tek heller då til skogs og sit og sullar med geitanne uppi bergeskortunne, det er moroar det. For um ein er kar aldri so mykje, so slepp ein dei ikkje likvæl, ska eg tru; dei er aldri rædde for å leggje ihop med dei teshell, for karanne kann ikkje slåst her, å kalle då, når dei ikkje er drukne, men når kvendi då er slike, so veit du dei vert ivigangsmennar straks, og dei vert navngjetne avrekskjempur.

Eg tykkjer mang ein gong det er stygt, når karfolk slæst, men jammen er det styggare når det er kvendfolk, soleis som det er skikkjen her uppmed Follen, når det er noko morolag, brulaup hell sovoret. For dei er so mykje meir vyrdlause dei, fyst dei legg i veg. For um ein kar no skapar seg te, so vert han då aldri i verdi so forverkeleg stygg og fæl å sjå te, som eit kvendfolk, fyst dei grustar seg upp; for det er ikkje likt med nokon ting. Fyste hårlokkanne dansar som ormar utyver herdanne og det frøyner i nasanne og gneistar or augunne liksom dei vilde brenne seg upp, då tykkjer eg heiltupp det er fælt og ei kalleg syn; og er det noko då, so er det meir ein bustdyvel enn eit menneskje. Men so sianetter, då tenkjer eg det, ve sjave meg: Tru eg var ein teiknare, tenkjer eg, og tru eg hadde papir, so vilde eg skildre dei av på papire, og so vilde eg sende papire til Fedraheimen, og då sille han trykkje det og sende det ut att, og då sille alle folk plent få sjå, kossi dei va laga her uppmæ Follen au.

Det er kaldt so langt aust og upp i landet, og det er kaldt blo au i austlendingen; det er kanskje hoste kaldt au sum gong, og då er det væl betre å få friske på det litt einkvar gongen, enn at det reint skulde stivne. Men no er det so goe vegjer vorte her uppmæ Follen, at det er speleg å gjera nokon ting, for ein fær ikkje snutt seg ikring hell røyvt på seg det grand, fyrr det straks kjem både skrivar og fut, og då plagar det jamnast vera slutt på moroi.

Bøker. Soga um Sinklar og skottom ved andreas Austlid. Er det nokon som trur seg go te skrive på norsk, då skal han kaupe seg denne boki, for det er sanneleg ikkje mange, anna dei må lære storlege av denne boki, for stilemåten er heiltupp so norsk og so go, som han kann bli. Anten du er med måle, hell du er mot det, so skal du få deg i denne boki, for her fær du plent sjå, koss norsken er laga her; for det er norsk her. Han er skulemeistar han, som heve skrive ho, segjer han. Men ho er skrivi slik, boki, at ein aldri skulde tru, det var nokon skulemeistar; ho er skriv slik, som um det var ein gamal gudbrandsdøl, som ikkje kunde lesa so mykje som ein bokstav, ja heiltupp ein munndjerv ein au, som hadde skrive ho; betre ros kan ho ikkje få av Bjug. Det er ikkje mange skulemeistrar, som kann gange so reine og flekklause fyr måle sitt gjennom lærdomen, som me ser, han hev gjort det.  Han takkar Chr. Bruun, og er det so, at han kann sleppe folk frå seg likso goe og uskjemde på målsansen, som dei kjem åt han, som det er sjåande på denne karen, då må me au alle takke og ære Bruun og skulen hans; då må han au vera ein gjæving.

Han er gudbrandsdøl, denne Austlid’en, det er greidt å sjå, um boki er aldri so mykje skrivi etter landsmålsreglom; for det er go og rein gudbrandsdalslit i stilen hans, so han kan kje bli reinare. Og godt og væl er det.

Det er støe gutar og trauste sellar, dei gudbrandsdølanne, og eg skal meine det er traust måle i denne soga au; det er berre so det søkk i deg; kvart ord fell so stutt og so fast, som det var hogje i steinen. So slepp han seg frå lite og so høgg han atti att, og alt gjenge det so hugheilt og stødt, at det er ei syn.

Det er sjeldan millom målmannsbøker jamvæl å finne det, som er heilt gjennom tenkt på norsk, so ein ikkje må minnast dansken; men denne, ho er det då visst, både tenkt og skrivi heiltigjenom på norsk, so det er reint ei «uppbyggels», fyr Bjug hev vore, å lesa ho.

Trugji og påliteleg er ho au visst. Det er mykje nytt i ho. Han heve sogje gamle folk i dalen i 7 år, segjer han.

Alle skal kaupe denne boki, og ikkje nokk med det, alle som er noko te karar, skal minst kaupe 5 stykkje um gongen, so dei au kann hava å selja og gjeva burt, for ho skal plent bli ei kjær folkebok; for ho er lagleg, og morosam å lesa fyr kven det skal vera.

Bjug

Fedraheimen 10. januar 1880